Voss flyklubb

Voss flyklubb
Lærerikt navigasjonskurs gjennomført PDF Skriv ut E-post
  
sundag 05. april 2009 18:15

På fredag og laurdag i palmehelga så vart det gjennomført navigasjonskurs i regi av Voss Flyklubb. Bakgrunnen var at det nye MTG (Motor Touring Glider) flyet LN-GSD, gjev heilt andre mogelegheiter for seglflygarar å reise lenger bort frå heimflyplassen. Då er det viktig at kunnskap er på plass for å gjennføre sikker flyging. Eit "team" av dyktige instruktørar delte av kunnskapen sin, og etter ei innleiing av Jan Fredrik Tønjum fortalte Kenneth Klette om viktigheita av utelandingsplassar når ein er på langtur.

Jan Fredrik gjekk vidare gjennom luftromsinndeling og prosedyrer og rutiner på flyradio før ein flyg inn i og ut av kontrollert luftrom. Susar ein inn på Flesland utan å sei kven ein er og kva ein vil, så vil flygeleiarane gjerne rydde luftrommet og du får kanskje ei helsing frå Avinor med giro nederst på arket - artikkel i VG ofte inkludert :-)

Håkon Fosso underviste i bruk av kart, kompass, klokke og fly-computer for sikker VFR navigasjon. Ein lærte m.a. korrigering av "heading" justert for vind, utrekning av sann flyfart, deviasjon, utfylling av navigasjonsplan og mykje meir. Ein gjekk også gjennom bruk og tolking av NOTAM meldingar, vær-informasjonstenestene TAF og METAR.

Heimeleksa før kursstart var utfylling av ein reiseplan. På slutten av kurset gjekk ein gjennom utfylling av reiseplan på internett og levering av denne. Etter innsending av reiseplanen ringte me NOTAM kontoret og fekk kvalitetssikra at denne var rett. Vedkomande på NOTAM kontoret var svært hyggeleg og imøtekomande og hjelpte oss med korrigering av det som var feil. Det vart poengtert at det ikkje er "noko farleg" å snakke med NOTAM og at dei er der for å hjelpe flygarar til å gjennomføre sine turar.

Det var ca. 7-8 personer som deltok på kurset og var særskilt retta mot seglflygarar i og med at navigasjon ikkje er ein del av pensum. Det var også diskutert at flytelefoni også er relevant kunnskap for å kunne lande på bemanna flyplasser og kontrollert luftrom, og ein oppmoda om å kjøpe kursbok i flytelefoni og avlegge eksamen også i dette faget.

 

På vegne av alle som deltok på kurset så vil eg få takke Kenneth Klette, Håkon Fosso og Jan Fredrik Tønjum for eit lærerikt og inspirerande kurs! 

 

Last updated ( måndag 25. mai 2009 18:40 )
 
Kurs i Navigasjon PDF Skriv ut E-post
  
onsdag 21. januar 2009 13:04

Det blir avholdt kurs i navigasjon for seilflygere palmehelgen 2009. Dvs fredag 3. april kl. 18.00 – 21.00 og lørdag 4. april kl. 10.00 – 15.00. Kurset holdes i flyklubben sine lokaler på Bømoen. Kurset er obligatorisk for piloter som ønsker å fly bort fra flyplassen og ikke har tilsvarende opplæring fra før.

Lærekrefter er Håkon Fosso som er mangeårig norsk og nordisk mester i presisjons flyging. Tema vil blant annet bli, kartbruk, praktisk navigasjon (teori), luftromsinndeling, bruk av metar, taf og notam, utelanding, samt finne frem til og bruke informasjon om andre flyplasser.

Vi søker flere lærekrefter som kan ”krydre” enkelte tema underveis og tar gjerne imot henvendelser fra gode instruktører.

Pensum ellers blir satt sammen etter gjeldende regelverk og kurs holder i samråd med Jan Fredrik. En del av kurset blir basert på selv studie på forhånd, med muligheter for spørsmål og gjennomgang på kurset, det blir derfor sendt ut pensum liste med diverse linker for kurset på forhånd, et tips kan være å bli kjent med www.ippc.no

Kurs pris er kr. 400,- som betales til Voss Flyklubb og inkluderer lunch på lørdag. Deltaker antall begrenses til 10 personer, etter første mann til mølla prinsippet. Ved ledige plasser åpnes det opp for deltakere fra andre klubber. Påmelding er registrert ved betaling til:

Voss Flyklubb

Postboks 607

5703 VOSS 

Konto 9581.10.48284 

Spørsmål om kurset kan rettes til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa

 

Last updated ( tysdag 24. mars 2009 09:25 )
 
Send MMS direkte til heimesida PDF Skriv ut E-post
  
laurrdag 17. januar 2009 22:16

No kan du sende bilete direkte frå din mobiltelefon eller PC til heimesida vår. Bileta vert publisert til venstre under seksjonen "Siste MMS bilete". Dersom du er registrert som "publiserar" så vert bilete vist i sanntid, ellers må biletet godkjennast av redaktøren av sida først.

Bilete bør sjølvsagt være om fly eller flyrelaterte emner, og biletet må være lovleg å publisere. Send bilete til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa

 

Last updated ( laurrdag 17. januar 2009 22:24 )
 
Ny medeigar PDF Skriv ut E-post
  
måndag 19. januar 2009 14:36

Da kan vi gledelig meddele at Steinar Vinje er blitt medeigar i vår Super Dimona. Steinar har vært inne i "loopen" fra de første dagene men har nå endelig fått pantsatt tilstrekkelig eiendom for å få grep om en hel andel.

Til orientering har vi 1 - 2 andeler "ledig". Vi ønsker å få solgt minst 1 stk andel snarest, så vil det videre bli vurdert en andel til som nå er tenkt klubben skulle eie.

For å bli eier må du rette en henvendelse til noen av medeierne, som videre beholder retten til å avslå eller godta en hver form for "søknad". Alle medeierne i dag har bestemmelse rett i så måte. Spørsmål kan også rettes til undertegnede. Velkommen til Steinar og evt. flere som ønsker å være med i ny giv på Bømoen! Mvh. Jan Fredrik tlf. 92 69 59 99

Last updated ( måndag 19. januar 2009 18:16 )
 
Dokumentasjon for Super Dimona PDF Skriv ut E-post
  
onsdag 14. januar 2009 14:31

På Diamond Aircraft sine sider så er det tilgjengeleg relevant informasjon om LN-GSD.

Flight manualer
Service bulletiner 

Her er link til ei side der du kan kjøpe "effekter" frå Diamon Aircraft. 

Last updated ( fredag 16. januar 2009 17:13 )
 
<< Start < Førre 1 2 3 4 5 6 7 Neste > Siste >>

Side 5 av 7

Komande hendingar

<<  April 2010  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
     1  2  3  4
  5  6  7  8  91011
12131415161718
19202122232425
2627282930  

Meiningsmåling

Kan det være aktuelt å reise til Aero Friedrichshafen
 

Været på Voss