Voss flyklubb

Voss flyklubb
LN-GSD i "The Paul O'Grady Show" PDF Skriv ut E-post
  
laurrdag 12. september 2009 06:25

 
 I midten: Per Børre Kiserud - ein av fotografane.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

På torsdag hadde Voss Flyklubb i oppdrag å fly 18 årige Dean frå London ein runde over Vossaveldet. Bakgrunnen var at britiske Channel 4 var her for å lage ein reportasje for det populære TV-programmet "The Paul O'Grady Show" - eit show som forøvrig ar 13 millionar sjåarar i veka.

Det var gjennom Erik Østlie i Destinasjon Voss at Voss Flyklubb fekk førespurnad om oppdraget. Flyturen vart filma både frå bakken og frå eit av helikoptera til Fonnafly Voss Helikopter. Flyklubben har fått lovnad om å få ein kopi av filmmaterialet som m.a. kan nyttast på heimesida.

 

 

Klikk på bildet for meir informasjon om TV-programmet. 

 

 

 

 

 

 

Planlegging før takeoff 

 

 

 

 

 

Last updated ( onsdag 16. september 2009 08:35 )
 
Referater frå medlem- og styremøter PDF Skriv ut E-post
  
måndag 17. august 2009 11:57

For medlemmer og styremedlemmer i Voss Flyklubb er det no laga eit eige val i menyen der du kan lese referat frå hhv. medlem- og styremøter. Det er kun medlemmer i Voss Flyklybb som har tilgang til dette valet i menyen. Dersom du har registrert deg som bruker på www.vossflyklubb.com, og ikkje har tilgang til dette, så kan du sende ein e-post til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa så vert du gjeven tilgang om du er medlem i VFK.

Det er viktig at medlemmer les gjennom referata, fordi dei inneheld gjerne informasjon om oppgåver som du har teke på deg, og dette er ei grei hugseliste for å ting gjort :-)

 

Last updated ( måndag 17. august 2009 12:04 )
 
Fly-In på Bømoen 29-31 mai 09 PDF Skriv ut E-post
  
måndag 25. mai 2009 17:51

Til helga brakar det laus på Bømoen då det vert arrangert Fly-In. Alle som har fly (microfly, motorfly, modellfly m.v.) vert oppmoda om å ta turen til Bømoen for sosiale aktivitetar og flyprat. Initiativtakar Håkon Fosso vil både laurdag og sundag halde oppvisning med sitt acrofly Christen Eagle. I samband med arrangementet er det sett opp partytelt med møblar, og her vert det både pylser, vafler, brus og kaffi å få kjøpt.

Arrangementet er ope for alle, så det er berre å møte opp - kanskje vert det ein flytur også?

Det er og snakk om å få til ein landingskonkurranse opplyser Fosso.

Dersom nokon treng overnatting så kan de ringje til Håkon Fosso på telefon 957 53 211.

Me sjåast på Bømoen :-) 

Last updated ( måndag 25. mai 2009 20:25 )
 
Ny nøkkel til klubbhuset 1. oktober PDF Skriv ut E-post
  
fredag 07. august 2009 09:08
Alle som har betalt klubbhus/areal avgiften på kr. 1000,- kan før den tid signere ut hver sin ny nøkkel i butikken til Jan Tvilde (kasserer). Husk din gamle nøkkel skal brukes t.o.m 30. september.
Vi minner om at alle som er medlemmer og aktive brukere må betale denne avgiften som går til drift av anlegget.
Last updated ( fredag 07. august 2009 09:13 )
 
Flywiki og Airpics PDF Skriv ut E-post
  
onsdag 08. april 2009 07:02

Eg kom over ei side som hadde bilde av LN-GSD.
Sitert frå sida:
"flywiki.net er et register over norske sivile luftfartøy, som vedlikeholdes og oppdateres av frivillige bidragsytere fra hele Norge. Innholdet kan kopieres og brukes fritt. 
Prosjektet startet i april/mai 2007, og det vil fortsette så lenge det vil være interesse av å ha et register over alle norske sivilie luftfartøy."
 
 Her er forøvrig link til bilder av LN-GSD på airpics.com.
Last updated ( måndag 25. mai 2009 18:38 )
 
<< Start < Førre 1 2 3 4 5 6 7 Neste > Siste >>

Side 4 av 7

Komande hendingar

<<  September 2010  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
    1  2  3  4  5
  6  7  8  9101112
13141516171819
20212223242526
27282930   

Meiningsmåling

Kan det være aktuelt å reise til Aero Friedrichshafen
 

Været på Voss