Voss flyklubb

Voss flyklubb
Seglflyging torsdag 2. september PDF Skriv ut E-post
  
onsdag 01. september 2010 21:54

Det vert seglflyging i morgon (torsdag 2. september 2010) med oppstart kl. 16:00 på Bømoen.

SF 34 er klar og Steinar Vinje skal gjere ferdig slepeutsjekk.

På måndag hadde me 7 slep og tre fly i lufta samstundes!

Vel møtt!!!

 

 

Last updated ( onsdag 01. september 2010 21:56 )
 
Noregs fyrste slepeflygar med seglflysertifikat PDF Skriv ut E-post
  
torsdag 24. juni 2010 20:00

Sundag 20. juni 2010 vart Nils Klette den fyrste slepeflygaren som utførte eit slep med seglflysertifikat.

Klikk på biletet for å sjå "snutten" på YouTube.

 

 

 

 

Last updated ( torsdag 24. juni 2010 20:10 )
 
Grlilling og flyging laurdag 19. juni 2010 PDF Skriv ut E-post
  
onsdag 16. juni 2010 13:33

Hent fram grilldressen og kom på Bømoen på laurdag. Det vert lagt opp til sosialt lag og flyging på laurdag, der ein etter litt flaksing kjem ned på landjorda og grillar og drikk det ein måtte ynskje (ta med det du vil ha).

Om du ikkje veit kva du skal grille så tek du ein kikk her

Ta gjerne med din betre halvdel.

 

 

Last updated ( måndag 21. juni 2010 20:10 )
 
Du må ikkje til fjorden for å finne bylgjer PDF Skriv ut E-post
  
måndag 21. juni 2010 20:08

Laurdag 19. juni flaug Reidar Vinje og Ragnar Sæbø to timar utan bruk av motor med Dimonaen. Dei var opp til 3.500 meter og hadde stig på opptil 7,5 m/s. Utan motor flaug dei Voss-Ulvik-Bulken-Ulvik-Voss.

 

 

Last updated ( måndag 21. juni 2010 20:09 )
 
Sumaren er her! PDF Skriv ut E-post
  
torsdag 03. juni 2010 13:28

Ei gladmelding frå formannen i Voss flyklubb til alle som er ute og flyr i varmen.

Frysaren er fylt opp med iskrem, og det er lov å ta seg ein is etter ein flydag når det er varmt i været.

Hugs at is ikkje erstatter korrekt riktig mengde vatn/drikke i varmen.

 

Vær OBS på at store mengder iskrem påverkar flyeigenskapane og må takast med i vektberekningane. 

 

Me takkar for tiltaket :-) 

Last updated ( fredag 04. juni 2010 04:41 )
 
<< Start < Førre 1 2 3 4 5 6 7 Neste > Siste >>

Side 1 av 7

Komande hendingar

<<  August 2010  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
        1
  2  3  4  5  6  7  8
  9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031     

Meiningsmåling

Kan det være aktuelt å reise til Aero Friedrichshafen
 

Været på Voss